Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1770 artiklar i dette arkivet.


«Barn i løypa» onsdag kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. februar 2021

I går kveld var det arrangerte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Vinterferien gjorde nok sitt til at frammøtet var litt mindre enn det som har vore «normalt», så langt i sesongen. Men dei som hadde møtt fram kunne kose seg i nypreparerte og fine løyper. 


«Barn i løypa» i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. februar 2021

Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe minner om at det blir «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 17:30. På grunn av dei gjeldande smittevernreglane blir det ikkje servering av drikke, så det må kvar enkelt ta med sjølv. 


Todalen Idrettslag – Innkalling til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. februar 2021

Våren er tradisjon tru årsmøtetid. Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte torsdag 25.mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort 18.mars. 


«Barn i løypa» i fine løyper

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. februar 2021

I kveld var det eit par blå grader og fine forhold for skigåing, da Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe arrangerte sesongens sjuande «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyre. Det er snart 10 år sidan lysløypa på Tjønnmyra vart ferdigbygd og opna, men det har aldri tidlegare vore ein så lang samanhengande periode med fine forhold som denne etterjulsvinteren. Todalen Idrettslag sitt driftsstyre vinteranlegg har lagt ned ein stor innsats med å preparere traseane og spora gjennom heile perioden. 


Fint på skeiseisen på Bordholmen i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. februar 2021

I dag var det stor aktivitet på skeiseisen på Bordholmen i «mildvèret», ja mildvèr samanlikna med temperaturen som har vore dei siste vekene vel og merke! Men ikkje for det, aktivitetet har vore stor heile tida, sjølv om gradestokken har vist ned mot -15-18 grader i lang tid. Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe gjer ein kjempeinnsats for å halde skeiseisen på Bordholmen stadion i tipp-topp stand. 


Toåa tursti – fine turforhold

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. februar 2021

Driftsstyret vinteranlegg i Todalen Idrettslag har køyrt opp skispor og turveg i traseen til Toåa tursti. På den eine sida er det skispor, medan det på den andre sida er trase for gåing, med eller utan truger. Så akkurat no kjempefine for alle typar turaktivitet i turstien. Da vi tok turen i dag, var det kjempefine forhold med sol, som faktisk varma litt, sjølv om gradestokken viste -12.


Fine forhold på skeiseisen på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 31. januar 2021

Vi har fått melding frå Knut Bergli i Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe der han melder om fine forhold på skeiseisen på Bordholmen stadion. Parkeringsplassen og brøyta, slik at det er mogleg å parkere for dei som kjem køyrande. 


Nypreparerte løyper på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 31. januar 2021

Vi har fått melding frå Ola Dalsegg om at han akkurat er ferdig med å preparere løypene i lysløypa på Tjønnmyra. Ola rapporterer at det er kjempefine forhold for å gå på ski no. Så han oppfordrar folk til å ta ein tur!


Kjempefine forhold for «Barn i løypa»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. januar 2021

I går kveld arrangerte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag årets tredje «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Det var nypreparerte løyper og kjempefine forhold for skigåing. Oppmøtet var òg bra, og ungane fekk gått på ski, aka og prøvd litt slalåm. 


«Barn i løypa» i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. januar 2021

Ola Dalsegg i Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe melder at det blir «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 17:30. Han minner om 1-metersregelen og dei andre Koronareglane må følgast. Som følge av smitteverntiltaka blir det ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 


Viktig bidrag frå Grasrotandelen

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. januar 2021

Hos Norsk Tipping er det høve til å tilgodesjå lag og organisasjonar med ein såkalla grasrotandel. Det er du sjølv som bestemmer kven som skal tilgodesjåast, og det er 7,5% av speleomsetninga hos Norsk Tipping som blir bruka på den måten. Lag og organisasjonar kan registrere seg hos Norsk Tipping og bli godkjent som mottakar av grasrotandelen.  Her i Todalen er det Todalen Idrettslag som toppar tabellen, og tok i mot kr 39.160 i grasrotandel i fjor. 


«Barn i løypa» i plussgrader

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. januar 2021

I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste +2 grader, så ein kan trygt seie at det var ein mildvêrskveld i forhold til førre onsdag, da gradestokken viste -13 grader. Rett nok var det litt vind, så den verkelege temperaturen var nok litt lågare enn det gradestokken viste. Men det var kjempefine forhold i nypreparerte løyper og få, eller eigentleg ingen, utfordringar smøre-messig.