Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tingvoll – Søya/Todalen G9

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. juni 2021

Torsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9 lag turen til Tingvoll for å spele seriekamp mot Tingvoll G9. Søya/Todalen sitt G9 lag har få spelarar i år, så med to forfall måtte dei låne med seg to spelarar frå G11 laget. 

Helsing før kamp. Foto: Anja Nordvik

Bortelaget kom godt i gang allereie frå start i denne kampen. I dei første kampane i år, har det teke litt tid før laget har kome i gang, men i kveld var dei altså «påskrudd» frå start. Bortelaget tok ei tidleg leiing, ei leiing dei tok vare på kampen ut. Det var mange sjansar godt spel, og god innsats av båe lag.

Søya/Todalen med ein stor sjanse. Foto: Anja Nordvik

Andre omgang likna mykje på den første omgangen, men bortelaget ville mest og greidde å halde konsentrasjon oppe gjennom heile kampen. Bortelaget sine keeperar stod godt og redda dei fleste forsøka frå heimelaget. Dermed vart det borteseier med klar margin til slutt. 

Tingvoll på tur framover. Foto: Anja Nordvik

Trenar Jostein var så godt fornøgd med innsatsen og spelet til bortelaget, at han spanderte is på spelarane etter kampen!

 

Publisert: 17. juni 2021, 20:15