Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Ræta Opp» 2021 – Deltakaravgifta i år går til Blodbanken i Kristiansund

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. juni 2021

Tradisjonen tru blir «Ræta Opp» arrangert under Todalsdagen òg i år. Todalsdagen går i år av stabelen laurdag 26.juni på Bordholmen stadion. I år, som alle dei føregåande åra, går deltakeravgifta uavkorta til eit velgjerande formål. I år er det bestemt at deltakaravgifta skal gå til Blodbanken i Kristiansund. Takka vere blodgjevarar kan tusenvis av nordmenn (og kvinner) kvart år overleve alvorlege sjukdommar som til dømes kreft, kompliserte fødslar og skadar. Blodbanken i Kristiansund er ein av våre lokale blodbankar. Å gje blod er frivillig og uten betaling, men ein får ei lita gåve som takk for hjelpa.

Fokuset til mosjonsløpet «Ræta Opp» er å samle inn nokre kroner til eit godt formål. «Ræta Opp» har gjennom åra gjeve deltakaravgifta til mange og varierte formål. «Ræta Opp» vart arrangert for første gong i 2012, så dette er tiande gongen arrangementet blir arrangert. Første året gjekk deltakaravgifta frå «Ræta Opp» til kreftsjuke barn. 

Av andre som har fått deltakaravgifta frå «Ræta Opp» kan nemnast: Foreningen for hjertesyke barn, Diabetesforbundet, Sykehusklovnene, Norske kvinners sanitetsforening, Start 4H og Aktiv for Epilepsi. 

«Ræta Opp» har start og målgang på Bordholmen stadion i Todalen, og løpet er om lag 3 kilometer langt. Løypetraseen er ei blanding av asfalt, grus og utmark, der halvparten av dei tre kilometrane går på asfalt. Du må ikkje bli overraska om du passerer nærgåande kyr i løypa, da traseen går gjennom eit beiteområde. 

Ingvild Kårvatn og Todalen Idrettslag ønskjer alle velkomne til årets utgåve av «Ræta Opp», og oppfordrar alle til å melde seg på, for på den måten å gje eit bidrag til Blodbanken i Kristiansund.

Invitasjonen til «Ræta Opp» kan du lese her: «Ræta Opp» 2021

Publisert: 17. juni 2021, 18:54