Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Loppemarked på Bordholmen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. juni 2021

Onsdag 9.juni inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til loppemarked på Bordholmen frå klokka 19:00 – 20:00. Sidan det ikkje skal vere loppemarked under Todalsdagen i år, så inviterer Trimgruppa istaden til loppemarked onstag 9.juni. Det er «loppene» som er at frå dei tidlegare åra som no blir selt, så her er det mogleg å gjere eit «røvarkjøp». 

Det som blir att av lopper etter loppemarkedet onsdag blir levert til profesjonelle aktørar for sal, så dette er siste sjanse for å sikre seg nokre «godbitar». Så da er det berre å ta turen på onsdag mellom klokka 19:00 – 20:00!

Det blir ikkje høve til å levere lopper i år. 

 

Publisert: 6. juni 2021, 09:53