Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1687 artiklar i dette arkivet.


Uavgjort på Bordholmen

Uavgjort på Bordholmen

Ole Petter Talgø Laurdag 11. september 2010

I ettermiddag var det 5. divisjonskamp på Bordholmen mellom KvassUlvungen 2/SøyaTodalen og Halsa/Valsøyfjord. Resultatet blei 1-1 etter høyt press av heimelaget i sluttminutta, men sjansane gav ikkje uttelling.

Les heile saka

Årsbeste av G10

Årsbeste av G10

Elinor Bolme Onsdag 8. september 2010

I kveld var det ein spanande fotballkamp på Bordholmen. Vårt eige G10 lag møtte eit av G10 laga på Kvanne.

I eit forykande tempo frå start til slutt vart det scora heile 22 mål på under timen. Og for første gong denne serien, vart seieren til todalingane, med 13-9.

Les heile saka

Søya/Todalen G-14 mot Molde 1 på Bordholmen i dag

Jon Olav Ørsal Sundag 5. september 2010

Søndag kl 17 er det storkamp på Bordholmen. Da møter Søya/Todalen G14 laget til Molde 1, og dei treng ein solid heiagjeng og supportarstøtte! Fotballgruppa reklamerer med både bakels og kaffe samt utlån av tråbilar føre og under kampen.   Velkomne!


Den 3. Trollheimsmarsjen vel i hamn.

Den 3. Trollheimsmarsjen vel i hamn.

Elinor Bolme Sundag 29. august 2010

Dei ivrigaste starta allereie i halv 9-tida, men det var eit jamnt tilsig vidare utover formiddagen. Leiar i trimgruppa Jostein Bruset kunne beretta om god deltagelse, betre enn i fjor. 130 personar frå 1 år og oppover tok søndag turen frå Bordholmen, over Vardane til målgang på Leikvoll. Og det med vergudane på si side vart det så og seie blå himmel etter at skodda til slutt letta.

Les heile saka

Lagseriestemna starta på igjen

Lagseriestemna starta på igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 27. august 2010

Torsdag kveld var første omgang med lagseriestemne etter sommarferien. Det var bra oppmøte, og Frode grønmyr har sendt oss bilde fra aktivitetane på Bordholmen denne kvelden. Han vil at fleire skal nytte høvet til å ta idrettsmerket no, da dei skal ha lagseriestemne kvar torsdag fram til 23. september. Han skriv: «Torsdag starta lagseriestemne opp att etter sommarferien. Denne kvelden var det til saman 13 som deltok. Det blir fire gongar til i år, og siste gong blir 23. september. Da blir det utdeling av premie til alle som har vore med.

Les heile saka

Bli med på Trollheimsmarsjen søndag

Bli med på Trollheimsmarsjen søndag

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. august 2010

Dei siste dagane har alle i Todalen, Nordvik og Kvanne fått flygeblad med invitasjon til Trollheimsmarsjen i postkassen. Ein liknande PR-aksjon har foregått på Ålvundeidet og Sunndalsøra. På flygebladet finn ein all informasjon om marsjen og opplegget rundt arrangementet. Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august frå kl 8.30 til 11 går starten frå Bordholmen i Todalen.

Les heile saka

Trollheimsmarsjen – søndag 29. august

Trollheimsmarsjen – søndag 29. august

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. august 2010

Bli med på Trollheimsmarsjen 2010, oppfordrar arrangementskomiteen frå I.L. Ulvungen og Todalen I.L. Trollheimsmarsjen er nemleg eit samarbeidspprosjekt mellom dei to idrettslaga. Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august er datoen som du må merke deg. Marsjen startar på Bordholmen og går over Vardan til målgang på Leikvoll på Ålvundeidet.

Les heile saka

G14 tapte mot Sunndal

Knut Haugen Tysdag 17. august 2010

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen tapte 2-6 i bortekampen mot Sunndal mandag kveld, etter at det stod 0-2 ved pause. Laget hadde mange stor målsjangser i kampen, men fikk ikke uttelling. Men Sunndaler et godt lag, og seieren var velfortjent. Scoringer ved Bjørnar Melkild og Bersven Røkkum. Laget var meget skuffet over det store tapet, men de gjorde en brukbar kamp spillemessig.


Vann 2-1 mot Klæbu, men Vålerenga vart for sterk

Vann 2-1 mot Klæbu, men Vålerenga vart for sterk

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. august 2010

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen var sikra plass i 1/8-finalen etter at laget vann kampen mot Klæbu torsdag morgon. Det var Ørjan Nes Haugen som sørga for begge måla, der det siste målet kom etter ein straffe. Ein velfortjent seier, skriv Knut Haugen i ein SMS til Todalen.no.  På ettermiddagen gikk 1/8-finalen mot Vålerenga på Ekebergsletta. Da møtte laget sine overmenn, […]


Vidare til 1/16-finale i Norway Cup

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. august 2010

Det vart seier mot Bjørkelangen! I dagens kamp mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Bjørkelangen vart resultatet 2-0. Tore Kvande og Per Sindre Ulvund sørga for kvart sitt mål i ein kamp som enda med ein velfortjent seier. Det kom eit mål i kvar omgang. Motstandar i 16-delsfinalen blir Klæbu, som dei skal møte torsdag morgon kl 08:00. Jentelaget til Kvass / Ulvungen har også gjort det veldig bra. I dag vann de 2-1 mot Florø 2, og dermed er dei klare for 8-delsfinale mot Håkvik onsdag kveld.Todalingen Lena Rovik er med på laget til Kvass/Ulvungen.


Slo Langhus 1-0….

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. august 2010

I «iltelegram» frå Norway Cup har vi fått melding om at Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen slo Langhus 1-0, og går dermed til 1/32-finale. Det var ein spanande kamp med mange sjansar til begge lag, der heile gjengen ytte maksimalt. Ørjan Nes haugen scora på langskot fra ca 25 meter i første omgangen. Det er no klart at neste […]


Norway Cup – uavgjort i kamp nr 2

Norway Cup – uavgjort i kamp nr 2

Jon Olav Ørsal Måndag 2. august 2010

For nokre minutt sia var Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen ferdig med kamp nr 2, mot det østerrikske laget Inneres Ennstal Gaflenz. Kampen enda uavgjort 0-0 i ein jamn kamp. Laget hadde eit stongskot i 1. omgang, eller var det ein sjansefattig kamp, rapporterer Knut Haugen. Dermed er det enno ikkje avklara om det vert A- eller B-sluttspel for […]