Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lagseriestemna starta på igjen

Lagseriestemna starta på igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 27. august 2010

Torsdag kveld var første omgang med lagseriestemne etter sommarferien. Det var bra oppmøte, og Frode grønmyr har sendt oss bilde fra aktivitetane på Bordholmen denne kvelden. Han vil at fleire skal nytte høvet til å ta idrettsmerket no, da dei skal ha lagseriestemne kvar torsdag fram til 23. september.  Han skriv: «Torsdag starta lagseriestemne opp att etter sommarferien. Denne kvelden var det til saman 13 som deltok. Det blir fire gongar til i år, og siste gong blir 23. september. Da blir det utdeling av premie til alle som har vore med.

På programmet står lengde, stille lengde, liten ball, 60-meter og 400-meter. Til slutt blir det servert frukt. For dei over 16 år er det muleg å ta idrettsmerke desse kveldane. Denne torsdagen greidde Emil Ansnes og Jorunn Nordvik kravet. Ski- og friidrettsgruppa ønskjer gamle og nye deltakarar vel møtt neste torsdag kl. 18.00 på Bordholmen».

Her i fotogalleriet nedafor finn du fleire bilde fra lagseriestemnet. Alle foto: Frode Grønmyr.

Først publisert: 27. august 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 26. august 2010, 21:47