Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bli med på Trollheimsmarsjen søndag

Bli med på Trollheimsmarsjen søndag

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. august 2010

Dei siste dagane har alle i Todalen, Nordvik og Kvanne fått flygeblad med invitasjon til Trollheimsmarsjen i postkassen. Ein liknande PR-aksjon har foregått på Ålvundeidet og Sunndalsøra. På flygebladet finn ein all informasjon om marsjen og opplegget rundt arrangementet.  Det er i år tredje gongen at marsjen blir arrangert, og søndag 29. august frå kl 8.30 til 11 går starten frå Bordholmen i Todalen.

Det blir sett opp bussar frå Ålvundeidet før start (angangar frå Leikvoll 07.45, 08.45 og 09.45) og det blir lik ens 3 bussavgangar etter målgang (Kl 15.15, 16.15 og 17.15). Bussturen kostar kr 50. Startkontingent for vaksne kr 100 og born kr 50.

Turen over fjellet er på 13 km og rekna å ta ca 5 timar, alt etter dagsformen til deltakarane. Høgaste punktet på turen er 850 m.o.h. ved Vardan. Turen går opp til Ørsalsetra og vidare til vardan og ned Børsetlia til Ålvundeidet. På Leikvoll stadion vert det høve til å ta ein dusj og det blir salg av middagsmat. Begge deler kan være godt etter turen over fjellet. Det blir lagt opp til natursti over fjellet, der du vil finne aktuelle spørsmål som det gjeld å svare rett på.

Det blir trekt ut premiar på startnumra, og er du heldig og vinn hovudgevinsten får du 1 års gratis AutoPass for eit år når Trollheimstunnelen opnar. Så er det berre å sett av søndag 29. august til fjelltur, og hugs å ta med nok mat å klede, oppfordrar arrangøren. Du kan laste ned meir informasjon om Trollheimsmarsjen her.

Følg med på Todalen.no for å finne oppdatert informasjon om Trollheimsmarsjen.

Publisert: 26. august 2010, 05:51