Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Den 3. Trollheimsmarsjen vel i hamn.

Den 3. Trollheimsmarsjen vel i hamn.

Elinor Bolme Sundag 29. august 2010

Dei ivrigaste starta allereie  i halv 9-tida, men det var eit jamnt tilsig vidare utover formiddagen. Leiar i trimgruppa Jostein Bruset kunne beretta om god deltagelse, betre enn i fjor. 130 personar frå 1 år og oppover tok søndag turen frå Bordholmen, over Vardane  til målgang på Leikvoll. Og det med vergudane på si side vart det så og seie blå himmel etter at skodda til slutt letta.

Det som overraska karane i sekreteriatet var det store antalet av førstegongs vandrarar, faktisk over halvparten, samt litt dårlegare deltakelse frå Todalen enn venta.

Arrangørane; Todalen IL og Ulvungen IL har også i år laga natursti med spørsmål frå begge sider. I tillegg vart kvar enkelt utrusta med laminerte kart, så det ikkje skulle vera tvil om kor ruta gjekk.

Det vart ein kjempefin tur over fjellet, og mange ga uttrykk for stor begeistring når dei kom fram til Leikvoll på Ålvundeidet. Der var det høve til å få seg ein dusj, samt at det var salg av sodd og forfriskningar. Det var nok mange som hadde behov for litt påfyll etter mange timar i fjellet, før dei sette seg på bussen attende til Todalen.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå årets trollheimsmarsj, der vi har lagt ut bilde både frå Elinor Bolme, Nils Ove bruset og Jon Olav Ørsal.

Først publisert: 29. august 2010, 11:18 - Sist oppdatert: 21. august 2011, 12:36