Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vidare til 1/16-finale i Norway Cup

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. august 2010

Det vart seier mot Bjørkelangen! I dagens kamp mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Bjørkelangen vart resultatet 2-0. Tore Kvande og Per Sindre Ulvund sørga for kvart sitt mål i ein kamp som enda med ein velfortjent seier. Det kom eit mål i kvar omgang. Motstandar i 16-delsfinalen blir Klæbu, som dei skal møte torsdag morgon kl 08:00. Jentelaget til Kvass / Ulvungen har også gjort det veldig bra. I dag vann de 2-1 mot Florø 2, og dermed er dei klare for 1/8-delsfinale mot Håkvik onsdag kveld kl 19:05. Todalingen Lena Rovik er med på laget til Kvass/Ulvungen. SISTE: Det vart tap 4-0 for jentelaget til Kvass-Ulvungen i kampen mot Håkvik onsdag kveld. Jentene tapte for eit betre lag, men ingen sure miner for det. Dei har gjennomført ei fin turnering med mange fine kampar, skriv Ola Einar Øyen i ein SMS frå Ekebergsletta.

Les om Kvass Ulvungen sitt lag på Aura Avis. Resultat frå andre lag i området finn du i ein oversikt på nettsida til driva.no.

Publisert: 4. august 2010, 16:44