Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vann 2-1 mot Klæbu, men Vålerenga vart for sterk

Vann 2-1 mot Klæbu, men Vålerenga vart for sterk

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. august 2010

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen var sikra plass i 1/8-finalen etter at laget vann kampen mot Klæbu torsdag morgon. Det var Ørjan Nes Haugen som sørga for begge måla, der det siste målet kom etter ein straffe. Ein velfortjent seier, skriv Knut Haugen i ein SMS til Todalen.no.  På ettermiddagen gikk 1/8-finalen mot Vålerenga på Ekebergsletta. Da møtte laget sine overmenn, og kampen enda med tap på 5-0. Vålerenga var eit veldig godt lag, og der var vi utan sjanse, ifølge Haugen. Vi vil imidlertid gratulere laget med ein imponerande innsats i Norway Cup.

Publisert: 5. august 2010, 09:31