Balleik i gymsalen onsdag
Onsdag 24. januar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.