Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra med folk på «pop-up» bruktmarked

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 17. februar 2024

I dag hadde Todalen Idrettslag invitert til «pop-up» bruktmarked i Todalen ungdomshus. Det var fjorten som hadde bestilt bord for å selje forskjellege ting. 

Mange hadde kjøpt bord for å selje forskjellege ting. Foto: B G Ansnes

Det var sal av klær, leiker, dekketøy, sko, husflid og mykje meir. Salet for deltakarane varierte, men jamt over var dei nøgde, og det er allereie planer om eit nytt bruktmarked, men da utomhus. 

Idrettslaget selde brus, kaffe, bakels og graut. Det var bra med folk innom i løpet av dei tre timane bruktmarkedet var ope, så salet av kaffe og bakels med graut gjekk særs godt!

Mangt og mykje var å få kjøpt. Foto: B G Ansnes

Etter at bruktmarkedet var ferdig, kom Elisif og Randi frå Gammelskulen gjenbruk i Bøfjorden innom, og tok med seg ein god del av det som vart att frå bruktmarkedet.  

Elisif og Randi henta ein del av det som vart at, for å selje det på Gammelskulen gjenbruk. Foto: B G Ansnes

Publisert: 17. februar 2024, 16:42