Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ishockey på sjøisen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. februar 2024

Det har i nokre dagar no vore sjøis, så i går kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til ishockey på sjøisen. Og responsen var bra, både frå dei unge og dei vaksne. Barne- og ungdomsgruppa hadde lyst opp banen med faklar, teke med ishockeymål, køller og puckar, så det vart ein fin kveld med aktivitet, lys og stemning. 

Ishockeybanen var opplyst av faklar. Foto: Anders Gjeldnes

Det vart rekna over tjuefem personar rundt ishockeybana, inkludert ein delegasjon frå Nordvik. Ikkje dei tjuefem spela ishockey, men dei fekk i alle fall nytta høvet til å få seg ein tur på sjøisen med levende lys, hovudlykt og spenning.

Sjølv om banen var opplyst av faklar, var det ein fordel å ha hovudlykt i tillegg. Foto: Anders Gjeldnes

 
Isen er målt til mellom 15 og godt over 20 centimeter, så han er ganske trygg.
 

Ivrige ishockeyspelarar. Foto: Anders Gjeldnes

 
Rapportane seier det er finare sjøis til lenger ut ein kjem, men ein bør nok ta eigne vurderingar når ein ferdast på sjøisen! 

Utan at vi har noko eksakt årstal å vise til, så trur vi det er ei stund sia det vart spela ishockey på sjøisen. Foto: Anders Gjeldnes

Publisert: 15. februar 2024, 06:00