Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Balleik i gymsalen onsdag 28. februar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. februar 2024

Onsdag 28. februar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn. 

Det er plana at det blir balleik i fymsalen fram til påskeferien. Blir det gode forhold på i lysløypa på Tjønnmyra blir det kanskje fleire «barn i løypa», så følg med her på todalen.no for å sjå kva som skjer!

Barne- og ungdomsgruppa ønsker velkommen til balleik!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 27. februar 2024, 20:30