Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjempefin dag – Gunnøydilten samla meir enn 200

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. mars 2024

Arrangøren trur det var godt og vel 200 deltakarar på Gunnøydilten i år.  Det var Todalen IL Trimgruppa som stod som arrangør, og det var stor suksess både publikummessig og sosialt. Påska samlar forlk frå fjern og nær, og det gjorde jammen Gunnøydilten og.  Det var mykje tilreisane med både utflytta todalingar og folk frå både Kvanne, Surnadal og andre plassar. 

Trimgruppa stod for arrangementet – frå venstre Sissel Halset Storslett, Anita Talgø, Toril Talgø og Lars Kvendset. Foto Jon Olav Ørsal

I det fine vêret var det fritt fram for å kose seg og være sosial – her kunne du treffe både naboen og tilreisande både slekt, venner og andre kjente, så det vart da reint så triveleg. Trimgruppa sørga for salg av kaffe, kaker og kanelsnurrar og i tillegg var det loddsal med mange fine gevinstar til utlodding.  

Bra Lioddsal – 754 lodd gikk ut i løpet av eit par timar. Sissel Halset Storslett med ein av loddkjøparane Kjetil Sogge. Foto Jon Olav Ørsal

Trimgruppa takkar for stor respons på lotteriet, og kan berette at det kom inn heile 7540 kroner i løpet av eit par timar med loddsal ved gapahuken i Båthølen, der arrangementet hadde base. Nedafor har vi lagt ut trekningslista for lotteriet  – vinnarane blir kontakta av trimgruppa.  

Vi har knipsa mange bilete i løpet av dagen, og nedafor ha vi lagt ut eit bildegalleri med mange bilder – klikk dig inn på bildegalleriet, så treffer du sikkert kjentfolk?  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 28. mars 2024, 18:01