Daniel fekk klippe snora til Kavlvegen tursti
Endeleg var dagen komen og det var klart for å klippe snora og opne anlegget for bruk. Det er lenge sia ideen til eit kavlvegprosjekt vart sådd, men det er først dei siste åra at ideen har skote fart, og som no altså er sett ut i livet. Det var Daniel Fiske og Margrete Svinvik som fikk den store æra å klippe snora – dermed er kavlvegen klar til å takast i bruk som Kavlvegen kultursti.