Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Senterpartiet på valkampturne til Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 1. september 2023

Fredag ettermiddag var representantar frå Surnadal Senterparti på plass utafor Matkroken Todalen. På standen stillte ordførarkandidat Hugo Pedersen, leiar i Surnadal Senterparti Silje Beate Guldbransen Holten og lokal listekandidat Jon Bruset. 

Dei var her først og fremst for å høre kva todalingane var opptekne av og for å svare på spørsmål om korleis Senterpartiet stiller seg i ymse spørsmål.  – Hugo Pedersen kunne forresten melde at det ligg an til ny gangbru for å erstatte den gamle Øyabrua.  Det var ekstremvêret «Hans» som satte fortgang på den prosessen, fortalte han. Da kom det nemleg forslag frå teknisk om å stenge brua, og da skjønte vi kor dårleg tilstanden for brua var, og foreslo å sette fart på prosessen med nybygg av gangbru.

Elles er vi sjølvsagt opptekne av å finne ei løysing for ideen om meieridrift i den gamle skulebygninga.  Her er vi positive til å finne ei løysing, slik at denne prosessen kan kome vidare, men vi er opptekna av at dette må gjerast ordentleg og ryddigt, fortel Pedersen.

Silje Beate er oppteken av å få til aktivitet i grendene, og er positiv til å få gjort naudsynte reguleringar for å kome vidare i arbeidet med å utvikle bustadtomter og  gjennomgangsbustade.  Elles føler vi at vi har mykje ugjort etter at pandemien ødela mykje for oss – så vi håper sjølvsagt på 4 nye år for å kome i mål for å kome i mål med oppgåver som nytt helsehus og styrka eldreomsorg.  

Men Pedersen er stolt av at kommunen har ein styrka økonomi, med overskot på fjorårets regnskap – overskot ser det også ut til å bli i år. 

På stand utafor Matkroken Todalen Jon Bruset, Silje Beate Guldbransen Holten og Hugo Pedersen som er Senterpartiets ordførarkandidat. Foto: Jon Olav Ørsal

Frå programmet som Surnadal SP går til val på, har vi saksa ei lang argumentrekkje som er verdt å sjå gjennom:

Her kan du lese meir om Surnadal SP på partiets heimeside

 Vi vil – sikre gode tenester og trygge lokalsamfunn, nær folk

–  aktivt legge til rette for frivilligheit, idrett og kultur.

–  ta miljøet på alvor med berekraftig naturforvaltning og vern av matjord.

–  vere pådrivar til utvikling av miljøvennlege verksemder og levemåtar.

–  prioritere beredskapstenester – politi, brann og helsetenester.

–  arbeide for at elvane i kommunen vert til det beste for både fiske, jordbruk, kraftproduksjon og naturmangfald.

–  sikre full barnehagedekning og rullerande barnehageopptak.

–  arbeide for å hindre utanforskap i samarbeid med skule og næringsliv.

–  arbeide saman med fylkeskommunen og næringsliv for å utvikle og oppretthalde aktuelle utdanningstilbod ved Surnadal Vidaregåande skule.

–  utvikle og styrke tilbod innan psykisk helse og rus.

–  legge til rette for tydelege rusfrie møteplassar for ungdom under 18 år.

–  satse på å utvikle attraktive næringsområde, støtte opp om etablerte bedrifter og synleggjere moglegheitene for nyetablering.

–  trinnvis etablering av næringstomter i Røtet.

–  arbeide for full utbygging av fibernett og mobildekning.

–  sikre realisering av Todalsfjordprosjektet.

–  styrke vedlikehaldet av kommunale vegar og bruer.

–  prioritere gang- og sykkelvegar og trygge skulevegar.

–  styrke legevakttenesta gjennom f.eks. ved innføring av satellitt-teneste legevaktbil.

–  ha St. Olav som akuttsjukehus.

–  oppgradering av Kulturhuset som ein møteplass på tvers av generasjonar.

–  sluttføre arbeidet med å få på plass snøscootertrase i kommunen.

Publisert: 1. september 2023, 17:00