Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Daniel fekk klippe snora til Kavlvegen tursti

Jon Olav Ørsal Fredag 1. september 2023

Endeleg var dagen komen og det var klart for å klippe snora og opne anlegget for bruk.  Det er lenge sia ideen til eit kavlvegprosjekt vart sådd, men det er først dei siste åra at ideen har skote fart, og som no altså er sett ut i livet.  Det var Daniel Fiske og Margrete Svinvik som fikk den store æra å klippe snora – dermed er kavlvegen klar til å takast i bruk som Kavlvegen kultursti.

Ein bit av kavlvegen er laga etter gamle metodar ved bruk av øks og blegg. Resten etter meir moderne metodar ved bruk av sag/sagbruk. Foto Jon Olav Ørsal

Det er alt mange som har tjuvstarta bruken av Kavlvegen kultursti, og vi trur det blir mange som kjem til å bruke den gamle postvegen til å kome seg ut til frisk luft og trim. Spesielt artig er det at byggemåten er spesiell – eller rettare sagt unik – og nyttar ein gammel metode til å byggje veg over myr.  Metoden som er bruka på noko av stien er basert på den gamle metoden som er tusen år gammel medan resten er bruka meir moderne metoda over myra. Dei eldste funna etter den gamle postvegen kan daterast attende til 1100-talet.

Torgeir Leivdal frå Husasnotra har leia arbeidet med Kavlvegen tursti. Foto Jon Olav Ørsal

Etter at snorklippinga var unnagjort så gikk «toget» vidare etter kavlvegen til kvilebua, eller gapahuken, der det var talar og traktering. – Der vart det i tur og orden talar ved Eigunn Stav Sætre, Nordmørsmuseet, overingeniør Raymond Sauvage frå NTNU Vitenskapsmuseet, byggleiar Torgeir Leivdal frå Husasnotra/Nordmørsmusea, fylkeskonservator Bjørn Ringstad frå fylkeskommunen og kulturleiar Lilli Husby i Surnadal kommune.

Anne Lise With Vullum har vore prosjektleiar for Kavlvegen tursti. Foto Jon Olav Ørsal

Den nye kavlvegen startar ved Galtmettet, og har universell utforming med tanke på rullestolbrukarar fram til kvilebua – resten av turstien er retta opp og grusa som tursti dei siste 1,3 km fram til bygdemuseet på Åsen. Heile prosjektet har kosta mellom 6 og 7 millionar, der det meste er dekt inn gjennom tilskot og gåver, fortel Anne Lise With Vullum som er prosjektleiar.  

Daniel Fiske ledar an innover turstien. Foto Jon Olav Ørsal

margrete Svinvik heldt opningstalen – her saman med Lilli Husby som er kultursjef i kommunen. Foto Jon Olav Ørsal

Disse var med! Det har vore mange involverte i prosessen med Kavlvegen tursti – her er alle samla på eit «klassebilete». Foto Jon Olav Ørsal

Frå kvilebua fortsett turstien som grusveg dei siste 1,3 km fram til museet på Åsen. Foto Jon Olav Ørsal

Kvilebua ligg idyllisk til ved ei lita tjørn midt utpå myra. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. september 2023, 18:28