Surnadal Open – heime hos Odd Ingard Skrøvset på Råssåkastet – oppdatert
Surnadal Open er i full gang med fleire arrangement gjennom heile dagen. «Kunstbussen» starta først til Stangvik, og fortsette til Todalen og besøk hos Odd Ingar Skrøvset som har fritidsbustad og atelier på Råssåkastet i Sissigrenda. Her vart det faktisk fullt hus, men Odd Ingar tok oss med på ein interessant presentasjon av sitt liv og virke, og spesielt ei kjapp innføring i kva grafikk er for noko.