Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturar både i ruskever og godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 23. oktober 2023

Veret i oktober har vore av det ruskute slaget med mykje regn og kald auståvind, ja til og med snøbyger. Men kvar måndag har ein trufast gjeng gått kløvertur, og kvar måndag er turane vore avslutta med kaffekos i Kaffekroken.

16. oktober gjekk turen frå Gammelfabrikken og oppover Falla langs Storfossen som var skikkeleg stor! Og i vegkanten var det snø. Den planlagde kaffepausen i gapahuken oppå Tjønnmyrå vart avlyst; alt for surt og kaldt!

På tur oppover Falla: Åse, Arndis, Jorunn og Dordi. Foto: Marit Sanden Søyset.

Kort pause i gapahuken. Karen Johanne hadde pynta borda. Foto: Marit Sanden Søyset. 

23. oktober var det godver, og det vart tur oppover i Kvennsetliene med start frå Matkroken. Første del av turen gjekk etter fin skogsveg, men på returen opp til Løfta vart det både bratt og steinut stiga. Det vart både god trim og god trening for balansen!

Måndag om ei veke blir det tur frå Snøyå og oppover til Hjellnes. 

I Kvennsetlia: Jorunn, Helga, Arndis, Dordi Jorunn, Jean, Helen, Åse og Karen Johanne. Foto: Marit Sanden Søyset.

På tur oppover mot Løfta. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ujamn og storsteinut stiga. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 23. oktober 2023, 20:34