Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Delvis måneformørking laurdag kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 29. oktober 2023

Dersom du hadde eit auge på kveldshimmelen laurdag kveld, så vart du kanskje vitne til ei delvis måneformørking i nokre minutt.  Den var på sitt største kl 22.14, og skuggen av jorda dekte da ein liten skalk. Når dette skjer så ligg sola, jorda og månen på linje, slik at jorda altså kastar skugge på månen. 

Denne måneformørkinga kunne sjåast frå heile Europa, iallfall der det var klårvêr slik som her i Todalen.  Neste gong vi får sjansen til å sjå ei måneformørking skjer 8. april 2024, men da må du til Svalbard for å sjå dette fenomenet.  

Publisert: 29. oktober 2023, 09:48