Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Normaltid: -hugs å stille klokka natt til søndag

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. oktober 2023

Natt til søndag 29. oktober er det atter tid for å stille klokka.  Da er det slutt på sommartida for i år, og du må stille klokka tilbake ein time.  Det vil seie at du får ein time ekstra natt til søndag – ein slags bonustime som du kan nytte til å sove ein ektra time dersom du vil.  Vil du være heilt korrekt så skal klokka stilles ein time bakover frå kl 03 til kl 02.  

Det er alltid diskusjon om kva veg ein skal stille klokka når ein enten går inn eller ut av sommartida.  Ein enkel regel som er lett å hugse, er at ein alltid skal stille klokka mot sommaren – altså framover om våren og tilbake om hausten når ein går tilbake til normaltid.

Publisert: 28. oktober 2023, 08:37