Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Fullstendig ubrukbart» er i god rute

Jon Olav Ørsal Sundag 22. oktober 2023

Søndag føremiddag stakk vi innom kulturhuset for å sjå og høyre om Svarraberget Teaterlag og deira aktivitetar.  I Storstua var det fullt liv og her pågjekk det danseøvingar på scena, og jammen svinga det godt rundt denne gjengen som vart leia av Stine Valde.   Det er no knappe 3 veker til premieren, så det blir nok ei travel tid framover for gjengen i Svarraberget.  I år skal det være 2 førestillingar, 10. og 11. november, og det er nok berre å sette av tid og gå til innkjøp av billettar, for dette såg bra ut.

Svanhild Husby er instruktør i årets forestilling – eg føler det som ei stor ære å bli spurt om dette oppdraget, seier ho. Foto Jon Olav Ørsal

Vi tok ein prat med leiinga for revyen som dei har kalla «Fullstendig ubrukbart», og vi kommendterte namnet på arrangementet, og at vi tykte tvert om at det vi, det såg veldig bra ut.  -Ja, tittelen refererte seg til vegstandarden, og da skjønner vi litt.  Dei tre i revyleiinga er Camilla Hyttebakk som er styreleiar i Svarraberget teaterlag, Svanhild Husby som er instruktør for årets førestilling og Håkon Solem som har marknadsføringsansvaret og som driv med videoproduksjon i tillegg til at han er skodespelar og styremedlem i teaterlaget. 

Ein frisk gjeng på scena – her frå dagens øving i kulturhuset. Foto Jon Olav Ørsal

Dei tre tykkjer dette er kjempegøy, og er stolte av den fine utviklinga i Svarraberget – det har dei siste åra foregått eit generasjonsskifte, og vi har no mange unge og dyktige aktørar med i laget.  Dette er gull verdt for oss, for mange teaterlag rundt omkring slit med å rekruttere nye medlemar.  Vi er stolte av det vi har laga – kjempegode tekster er skrevet – og no gler vi oss til premieren og gler oss til å vise fram det vi har laga. Revyen har både lokalt, regionalt og nasjonalt stoff i tekstane, som er både friske og aktuelle – hugs at det er ei stor ære å bli nemnt i ein slik revy – sett av enten fredag 10. eller laurdag 11. november – dette ser ut til å bli bra!

Liv og røre på scena på kulturhuset i dag – enda meir liv blir det nok når førestillingane kjem i gang 10. og 11. november. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. oktober 2023, 13:18