Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spenstig førjulsprogram på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. oktober 2023

Allereie i ettermiddag er det balldag på Todalshytta – den er tillyst før og startar serveringa kl 15 og held på til kl 18.  Men det skjer også andre ting som vi kan gle oss over – mellom anna Thaiaften som blir arrangert laurdag 11. november. Siste helga på november – fredag 24. november er det enno ledig nokre plassar som passar for enkeltpersonar eller små grupper.  Elles har Todalshytta ope for julebord i heile desember, og kan da ta i mot både store og små grupper –  bestill gjerne på forhand til epost arve@todalshytta.no eller på SMS/telefon 929 97 550.

Arve gler seg til å kome i gang med servering av julemat – men først skal det pyntes til jul på Todalshytta, fortel Arve. Foto Jon Olav Ørsal

I kronologisk rekkjefølgje vil aktivitetane på Todalshytta sjå slik ut:

Laurdag 11. november blir det Thaiaften
– Todalshytta gjentar fjorårets suksess og lager ein ekte Thaiaften med servering frå kl 15 og utover til kl 20

Tysdag 14. november blir det ny ballsdag
Som vanleg kan du velje mellom potetball med tilbehør og sildball med bacon. Servering mellom 15 og 18.  

Laurdag 18. november blir det lutfiskaften
Lutfisk med mange typar tilbehør – servering i tidsrommet 16 – 20. Passer både for enkeltpersoner og grupper.

Fredag 24. november blir det julebuffet
Todalshytta har enno ledig nokre plassar denne kvelden – passer både for enkeltperonar og små grupper. Servering frå kl 17 til kl 21.

Julebord og julemat i desember
Som sagt er det mange ledige kvelder i desember enno. Ta kontakt med Arve Evensen på telefon 929 97 550 for å avtale opplegg og servering.

Julestemning – Snart kjem julepynten på plass på Todalshytta. tysdag da bildet vart teke låg Todalshytta i eit tåkeslør. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. oktober 2023, 11:55