Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kaldvêr og veddrift på dugnad.

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. oktober 2023

Med aukande straumprisar er det sjølvsagt aktuelt med vedfyring igjen.  Dei siste par månadene har regnet sørga for å halde straumprisane nede – sågar eit par dagar på minusnivå.  Men så kom finvêret og litt kulde, og da vart det straks aktuelt å fyre opp i omnen igjen.  Bjørn Kvendset rusta seg på skogsarbeid og vedhogging i Lykkjebygda i dag – det er nok ved for neste sesong, og leveringsklar først til sommaren. 

Anders Magne Snekvik sørga for transport til lunningsplassen. Foto Jon Olav Ørsal

Men det er ikkje farleg seier han, for det er enno tørrved igjen på lageret for sal utover hausten og vinteren.  Bjørn fortel at det har vore stor etterspørsel etter ved i sommar og i haust, så det er tydeleg at folk er beredt på at strumprisane kjen til å krype til værs utover hausten. 

Bjørn fortel at han fekk uventa hjelp av kompisar når han starta opp med vedarbeidet laurdag morgon, da 3-4 kompisar kom for å hjelpe.  Når vi er 4 mann med motorsag og ein med traktor og kran/vogn så går det rimeleg fort unna.  – I dag var det older på kanalkanten frå vegen og nedover til Søya som skulle til pers, og her gjekk det unna på høggir.  Når alt dette skl kappast, klyvast og pakkast i sekker eller storsekk så vil det nok klare konkurransen med strumprisane og varmepumpene til neste sesong.

Plenty råvarer etter kanalkanten nedover frå riksvegen og nedover til Søyåa. Foto Jon Olav Ørsal

Veks oppiatt – Reidar (3år) tykkjer det er star å være med i traktoren med pappa Anders Magne. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. oktober 2023, 16:00