Vellukka og triveleg epledag i arboretet
Søndag var det epledag i Svinviks arboret, med både innhausting og foredling på dagsorden. Sjølv om gradstokken berre såvidt var på plussida og snøgrensa låg på 4-500 meter, var det mange som kom for å få med seg denne opplevinga. Sissel, Katharina og Ola jobba på fleire frontar, og dermed var det både frukt, eplejuice og gode bakverk som resultat.