Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julekalender – salet går strykande

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. november 2023

Laurdag er det sal av TIL trimgruppas julekalender på Matkroken Todalen.  Torill og Sissel rapporterer at salet går strykande, og «alle » som er innom kjøper kalendere.  Og det blir da litt av eit lotteri, for det er alt kome inn masse gevinstar, som sikrar at det blir fleire gevinstar som blir trekt ut kvar dag frå 1. desember og til julaftan 24. desember når hovudgevinsten blir trekt. 

Alle gevinstane er enten heimlaga eller kortreist, og trimgruppa hadde ein formiddabel suksess med fjorårets julekalender-lotteri.  Lodd kan også kjøpast via Vipps – det kostar kr 100 per lodd å være med på alle trekningane – du kan berre Vippse pengar til Vipps nr 523 022 så er du med  – hugs å skrive i meldingen kva namn som loddet skal skrivast på.  

Dersom det enno er nokon som har gevinstar som skal være med, så kan dei leverast i resepsjonen på Talgø, men no begynner det å haste, seier Torill og Sissel som gler seg til å starte den første trekkjinga som skjer fredag 1. desember – resultatet blir publisert på Todalen.no kvar dag fram til jul.

Publisert: 25. november 2023, 12:41