Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin rundtur om Brusetbotnane

Dordi Jorunn Halle Tysdag 21. november 2023

Gradstokken viste minus 10 grader da kløverturgjengen starta frå Tussebu. Det var kald sno og riktig hustre austover ekra frå Todalshytta. Så spørsmålet vart: Kor lang kan turen bli?

Heldigvis vart det lunare, faktisk behageleg turver, da turfølget kom opp i skogen. Dermed vart det rundtur om Brusetbotnane for alle. Tørt og fint å gå. Og denne rundturen kan anbefalast som ei fin turrute for kvardagstrim.

Før start. Her ser vi Synnøve, Dordi, Helga, Jorunn, Arndis og Marit. Foo: Dordi Jorunn Halle.

Frå Kleiva er det fin utsikt nedover bygda og utover fjorden, men det freista ikkje med kaffepause der i dag.

Før turen las vi «breaking news» på todalen.no: To gauper var observert i turområdet, men dessverre var ikkje gaupene å sjå.

Måndag 27. november blir det tur i Toåa tursti, og det blir siste kløverturen i 2023.

Sol berre høgst i liene. På Kleiva. Foto: Marit Sanden Søyset.

Oppe i Brusetbotnane. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Oppå Haugligardane. Klårver og fint. Foto: Marit Sanden Søyset.

«Dei gamle fjell i synigom»: Vassnebbå, Blåfjellet, Litjfjellet og Rambjøra. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 21. november 2023, 00:09