Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei helg med besøk utanom det vanlege

Jon Olav Ørsal Måndag 20. november 2023

Denne helga vart det litt ekstra action for familien på Bruset.  Søndag morgon fekk dei nemleg ein telefon frå bestefar Ola som bur på Furubu, at eit par gauper satt 30 meter ovafor stuåhusa og kika på dem. Dermed vart det liv og røre, og da fekk dei sjå at mora og ein unge satt oppi bakkan og pussa seg.  Ola Dalsegg fortel at dei etter kvart oppdaga at gaupa hadde teke ein rådyrbukk og no satt dei altså å fussa seg etter eit betre måltid.  

Dei to gaupene har forsynt seg fleire gong av rådyrkadavret i helga. Foto Ola Dalsegg

Gaupene var egentleg uredde og meir eller mindre uanfekta av fotografering og aktivitet, men når det kom ut folk så stakk dei innover og forsvann inn i granskogen.  Seinare på dagen – i 8-9 tida kom dei att for å forsyne seg med eit nytt måltid.  Litt for seint med tanke på fotografering, men med lommelykta kunne vi sjå at dei forsynte seg av den døde rådyrbukken.  

Rådyrbukken har vore observert lenger opp mot Haugligardane men natt til søndag vart han altså offer for gaupa som var ute på jakt i nattens mulm og mørke – men den var  observert i live seinast laurdag så den har nok vorte overraska i løpet av natta.  Det er observert gauper rett som det er, og Dalsegg lurte på om det var gaupa Priscilla som var her med unge.  Han rekanar med at gaupa kjem att og vil prøve å få betre bilder med viltkamera dei neste dagane – kanskje den da kan identifiserast. Her har vi lagt ut ein videosnutt av gaupene som pussar seg etter måltidet Sjå video her (foto Ola Dalsegg

Iallfall vart det eit skikkeleg avbrekk for både store og små – på det som såg ut til å bli ei vanleg førjulshelg, seier Dalsegg.  

Publisert: 20. november 2023, 13:03