Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historiske gåvetips i alle prisklassar

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. november 2023

Du finn eit allsidig utval med historik materiale i hyllene på Matkroken Todalen.  I samarbeid med Todalen historielag finn du fleire av deira bøker og temaheter som er kome på trykk gjennom åra.  I tillegg er heile serien (bind 1 til 5) med bygdebøker for Surnadal på plass i hyllene.

-Vi sel sjølvsagt mest av bind nr 1 som omtalar slekters gang frå Åsbøen til Kårvatn i Todalen, medan dei øvrige binda går frå Stangvika i bind 2 og endar på Kvammen i Øvre Surnadal i bind nr 5.  Vidare er sjølvsagt årssskriftet for Todalen historielag på plass – og «Jul på Nordmøre» og «Du mitt Nordmøre» – alle i 2023-utgåva.  

Av temahefte som er kome tidlegare kan vi nemna «Glimt frå okkupasjonen», «Kyrkja i Todalen» og «Kyrkja i Todalen».  Dette er egentleg gode julegåvetips for «den som har alt», seier Jorid Haugen Ansnes på Matkroken Todalen.  

Publisert: 22. november 2023, 08:58