Fin rundtur om Brusetbotnane
Gradstokken viste minus 10 grader da kløverturgjengen starta frå Tussebu. Det var kald sno og riktig hustre austover ekra frå Todalshytta. Så spørsmålet vart: Kor lang kan turen bli?
Vi fann 9100 artiklar i dette arkivet.
Gradstokken viste minus 10 grader da kløverturgjengen starta frå Tussebu. Det var kald sno og riktig hustre austover ekra frå Todalshytta. Så spørsmålet vart: Kor lang kan turen bli?
Denne helga vart det litt ekstra action for familien på Bruset. Søndag morgon fekk dei nemleg ein telefon frå bestefar Ola som bur på Furubu, at eit par gauper satt 30 meter ovafor stuåhusa og kika på dem. Dermed vart det liv og røre, og da fekk dei sjå at mora og ein unge satt oppi bakkan og pussa seg. Ola Dalsegg fortel at dei etter kvart oppdaga at gaupa hadde teke ein rådyrbukk og no satt dei altså å fussa seg etter eit betre måltid.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 20. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.
Søndag stiller Surnadal I.L alpin på Matkroken for å tilby årets adventkalener som no er i sal. Er du heldig, så blir det også muleg å få ein smak med bakels og graut til kaffen. Kom og støtt arbeidet med alpinanlegget i Sæterlia – så snart det blir snø er vi i gang med ny […]
Vi har alltid hatt mange kundar frå nærmiljøet, og no vil vi vise at vi verdsett dei lokale kundane og vi vil også vise at det skal lønne seg å ta turen til Kårvatn og kome innom butikken vår. No er butikken rigga for julehandel og det kan faktisk lønne seg å ta ein tur. Det meste av handelen frå Kårvatn Fjellustyr går som netthandel, og det er faktisk lokale kundar også som nyttar seg av det.
Under et medlemsmøte i Nordmøre forsvarsforening i Surnadal 15.11.23, ble mangeårige medlem i foreningen, Johannes J. Vaag, tildelt to høye utmerkelser. – Som en ivrig utøver av militær idrett ble Vaag overrakt en hedersbevisning for å ha oppnådd NROF-kruset 40 ganger. Kruset utdeles av Norges Reservistforbund (NROF) og omfatter krav som må være oppnådd i en rekke forskjellige øvelser som skyting, infanteriløp, hinderløp m.m.
Skal du henge med i svingane, så er det viktig å ha ein topp moderne fabrikk, seier Charlotte Fleten, som er dagleg leiar på Melby Snekkerverksted på Eide. Melby er som kjent ein del av Talgøkonsernet, men er lokalisert til Eide på Nordmøre der dei har drive trappeproduksjon sia 50-talet.
Etter ein vellukka thai-buffe med bra besøk i helga, er det no klart for lutefiskaften på Todalshytta komande laurdag. Lutefisk er nok ein tradisjonsrik julerett for mange, men lutefisken har også førjulstradisjonar i mange heimar. Laurdag kveld finn du altså lutefisk som einaste rett på menykartet på Todalshytta. Meld deg på til Arve på telefon 929 97 550.
«Trollheimsfjella står i ring kring gamle Tovadal» – slik skriv Leif Halse i Todalssongen. Fjella er både majestetiske og fine, men dei skuggar for sola no når ho er så låg.
Tysdag 14. november er absolutt siste sjanse for servering av ball på Todalshytta før jul. Som vanleg serveres det både potetball og sildball i tidsrommet 15:00 til 18:00. Bestill gjerne på SMS 929 97 550.
Søndag var det bokslepp og premiere for det nye årsskriftet til Todalen Historielag. Det skjedde i Todalen ungdomshus, og arrangementet trekte praktisk talt full hus med historieinteresserte todalingar – mellom 60 og 70 av historielagets knappe 200 medlemar deltok på boksleppet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. VEL MØTT!