Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basar og nonsmat – ein suksess!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. desember 2023

Todalen sanitetsforening er ei gammal og ærverdig forening; – heile 107 år, men foreninga er ikkje redd for å gå nye vegar! Første tysdagen i desember inviterte Saniteten til basar og nonsmat – ei nyskaping!

Solveig Glærum er fungerande leiar i Saniteten, og ho ønskte alle vel møtt til førjulsarrangementet, og ho helsa så mykje frå leiar Maren Ansnes som var forhindra frå å møte. Maren har vel stort sett stilt opp på alle arrangement i foreininga så lenge underteikna kan hugse.

Solveig Glæreum ønskte alle vel møtt! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Åse Ville Redalen, Arndis Søyset og Steffi Bohle er styremedlemer i Saniteten og var fornøgde med nyskapinga! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Basarbordet bugna av flotte og fine gevinstar, og loddsalget gjekk strykande! Sjå trekningsliste lenger nede i saka. Åresalg er alltid etterspurd og populært.

Nonsmat var det «i gamle dagar» vanleg å ete i fem-tida om ettermiddagen, no er det vel helst middag denne tida på døgnet. Nonsmaten i Sanitetshuset var rett og slett eit retteleg godt og variert koldtbord og erstatta nok middagen for mange av dei frammøtte denne dagen!

Solveig Glærum retta ein stor takk til alle som har støtta Saniteten med loddkjøp og gevinstar! Ho var riktig godt fornøgd med oppslutninga om nonsmaten. Ho opplyste om at det var seld 465 lodd.

Til slutt takka Solveig for godt oppmøte og ønskte alle ei fin adventstid!

Fleire bilete frå ein triveleg kveld:

Godt med nonsmat. Tradisjonen med «karrabord» held seg! Foto: Dordi Jorunn Halle.

God basarstemning! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Steffi, Karen Johanne, Liv og Kristian er klare for å ete nonsmat. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kjøle fint pynta bord! Karen Johanne var pyntemester. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Nina Johansen og Ragnhild Ansnes Moe organiserte åresalget! Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

Først publisert: 5. desember 2023, 23:55 - Sist oppdatert: 6. desember 2023, 09:10