Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg fintenkjarkveld i Myrvang

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. desember 2023

Det må da vel være bra å samle eit 70-tals personar til Stangvik historielags fintenkjarkveld i Myrvang på ein vanleg tysdagskveld.  Hovedformålet med arrangementet var nok at Lars Steinar Ansnes skulle presentere si nye bok «Fintekjarplassen» på heimebane – i tilleg til at historielagets ny årsskrift, nr 17 i rekkja er lagt ut for sal i disse dager.  

Det vqr mange som tok turen til Myrvang tysdag på Fintenkjarkveld. Foto Jon Olav Ørsal

Først ute på kveldens program var Torbjørn Polden som sjølv las sin nyskrevne og dagsaktuelle proslog, der innhaldet sjølvsagt var sterkt knytt til Lars Steinar, Fintenkjarplassen og livet på hytta på Tæla.  Den var sjølvsagt skrive på rim og Torbjørn fekk mykje applaus frå eit nærast fullsett forsamlingshus.

Torbjørn Polden hadde skreve prolog på rim om Fintenkjarplassen og livet på Tæla. Foto Jon Olav Ørsal

Hovudposten på programmet var no brørne Lars Steinar og Ole Magne Ansnes som fortalte mange fornøyelege historier frå oppveksten på Utigard Kvennbø for snart eit par mannsaldrar sia.  Dei kunne mimre om mykje som skjedde i kjølvatnet til dei 4 gutongane som la for dagen eit utruleg konkurranseinstinkt som gjorde seg gjeldane om det var i langrennløypa, hoppbakken eller rundt stuebordet med kort- eller brettspill. 

Kaffepause – det sto ikkje på kaffebrød i Myrvang denne kvelden. Foto Jon Olav Ørsal

Vi fekk også høre historia om Fintenkjarplassen – korleis den vart til og korleis plassen er nytta til filosofering og avkobling. Hytta på Tæla tok Lars Steinar over i 1992, og han har loggført ca 1600 turar – eller rettare sagt har han hatt 4,5 år av sitt liv oppå der.   Om å være der så mykje så seier han at det er viktig å trivast i sitt eige selskap, og så må ein tåle å være i nærleiken av seg sjølv! Fintekjarplassen vart til som eit kvile og utsiktspunkt, og har altså seinare vorte til namnet på ein blogg som har vorte fundamenet i boka om Fintenkjarplassen. 

Invalidos med litt redusert mannskap denne kvelden, men dem heldt koken… Foto Jon Olav Ørsal

Lars Steinar har vore «bladfyk»i tilsaman 43 år, og i samtalens løp var dei sjølvsagt innom mange tema, slik som språk – Lars Steinar skriv i dag ein normert nynorsk, for som han seier at der du skal gje litt av deg sjølv så må du skrive nynorsk. 

Jon Husby hadde skreve om prøysens julekveldsvise – den fikk litt meir alvorspreg med samanlikning med det som skjer i Gaza og på Vestbredden i disse dagar. Foto Jon Olav Ørsal

I programmet var det sjølsagt lagt inn kaffepause med boksalg og medlemane kunne hente ut sine eksemplar som er inkludert i medlemsskapet.  Etter kaffepausen fekk vi eit innslag med Invalidos som sørga både for trekkspellmusikk og musikk og lyrikk.  Jon bjarne Husby har skreve om Prøysens «Julkveldsvise» og tipassa teksta til det grusomme som skjer i Gaza og på Vestbredden – ei tekst som verkeleg var til ettertanke.  Invalidos runda av sin sekvens med Jularbos julevals.  

Kom med idear og stoff til neste årsskrift oppfordrar Torbjørn og Lars Steinar.

Heilt til slutt kom Torbjørn og Lars Steinar  med ein appell til publikum om å komen med idear, stoff og info om saker som kan være med i neste års årsskrift – dei to, samt Marit Haugen og Berit Anne Botten Røkkum utgjer skriftstyret som snart er i gang med årsskrift nr 18, som altså skal være klart om et år.

Publisert: 6. desember 2023, 09:00