Museumskveld: Interessant og lærerik seterhistorie
Onsdag kveld inviterte Stangvik historielag og Nordmørsmusea avd. Surnadal til temakveld med seterhistorie på plakaten. Erling Myrbostad og Lars Gudmund Røen frå Stangvik historielag avslørte ein imponerande kunnskap om seterlivet, byggeskikkar og praktiske løysingar som gjorde at seterstølane var plassert slik dei var.