Kvanne – Rykkjem: No er det normal drift
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna teknisk feil har sambandet vore ute av drift tysdag kveld. No er det normal drift igje, melder Fjord1.
Vi fann 9122 artiklar i dette arkivet.
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna teknisk feil har sambandet vore ute av drift tysdag kveld. No er det normal drift igje, melder Fjord1.
Det var egentleg Surnadal pensjonistlag som inviterte til miniseminar om eldreomsorg og velferdstenologi måndag kveld. Helge Røv hadde vore på kurs om temaet og smidde medan jernet var varmt. Saman med omsorgs- og helsepersonell vart det ein interessant kveld for ein nærast fullsett Svorkasal på kulturhuset.
Før helga hadde vi ein liten omtale om Trollheimsutstillinga og arbeidet som no har starta på for å montere dyra og kulissane på Gammelfabrikken. Vi kjente ikkje så godt til historia om korleis utstillinga vart til og kven som stod bak. Saka vi laga har hatt mange lesarar, og vi har faktisk fått tilbakemelding som har kjennskap og ikkje minst bilder frå Utstillinga vart laga i 1990. Det sett vi stor pris på og vi vil gjerne ha meir informasjon om korleis den vart til og kven som var med.
Frå måmdag 22. januar kl 11:00 vil det bli ordinær ruteplan på sambandet Kvanne – Røkkum. Frå dette tidspunktet er også MF Stangvikfjord på plass for å betjene sambandet.
Søndag ettermiddag er tre personar tekne av snøras i området Sula/Svinvikbotn. Ifølgje politiet vart dei ført rundt 300 meter nedover fjellsida. Ein person har fått kneskade, og er henta ut av helikopter. Dei ta andre tek seg ned på eiga hand. Så langt er dette alt vi veit om redningsaksjonen.
Varsom.no melder om stor snøskredfare på orange nivå for Trollheimen dei komande dagane. Kraftig vind gir stor snøforflytning og mykje skavlar vil bygge seg opp. Det kan være svært lett å løyse ut skred, og skred kan løsne naturleg. Unngå difor leområder der det samler seg fersk fokksnø, anbefaler Varsom.no.
Da er jula forlengst ferdig, og dei fleste har nok hiva ut både juletre, julepynt og julebelysning – og starta den vanlege grå kvardagen. Og kvardagen er god, og kanskje er den aller best? – Sanitetskvinnene er også komne i gang med kvardagen, og laurdag vart årets første strikkekaffe arranger i Sanitetshuset på Kvennset.
Nå er det klart for årsmøte i Surnadal Senterparti. I år møtes vi på Frivilligsentralen tirsdag 23. januar kl 19.30.
Vanlige årsmøtesaker. Om noen har saker til årsmøtet send dette på sms til 91343036, Silje Beate Holten innen 20 januar. Det blir matservering på møtet.
Trollheimsutstillinga som i si tid stod på Stangvik skule skal no monterast på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Heilt sia Stangvik skule var ombygd og renovert har utstillinga levd eit omflakkande liv – til Todalen kom utstillinga frå lageropphald på Bøfjorden skule. No er den «nye heimen» i 2. etasjen på Gammelfabrikken under oppussing, og monteringa er så smått komen i gang.
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe / strikkekaffe laurdag 20. januar i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!
I år blir det nok ny giv for Kjerringdilten, seier Terje Nordvik som saman med styret for TIL Skihytta har invester i nye startnummer til årets arrangement. Langfredag er nemleg årets høgdepunkt, når Kjerringdilten går av stabelen. Terje er leiar i hyttestyret, og saman med Veidekke som sponsor er det investert 10-12.000 i nye startnummer til Kjerringdilten og andre arrangement på Skihytta som Todalen IL har på Ørsalfjellet.
Vår eminente internsnekker har gjort alvor av trusselen om å pensjonere seg, så nå ser vi etter noen som kan bli Talgø-konsernets nye, personlige supersnekker (NB: må ikke forveksles med sinnasnekker)!