I dag er sola på sitt høgste!
I dag er det sommarsolsnu – det skjer kl 16.38 står det å lese i ein tabell på Wikipedia. Enten vi vil eller ei, så går det mot ein ny vinter, – men forhåpentleg vis skal vi få nyte mykje sommar enno. Vi har i allfall mykje tilgode ettersom våren og forsommaren har vore sur og kald, og med nysnø i fjella til og med denne veka.