Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra jaktstart for Talgø jaktlag

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2015

Det vart ein bra start på hjortjakta for Talgø jaktlag denne helga. Fredag vart det 4 dyr i i Gammelseterdalen – 2 koller og 2 kalver. Søndag vart det kronhjort på jaginga frå Hardholten og innover til sommarfjøset på Kårvatn.

TalgøJaktlag_2731

Heile jaktlaget samla – frå venstre Svein Håvard Brøndbo, Erling Talgø, Odd Arne Vikavoll, Tove T. Brøndbo, Anita Talgø, Andreas Brøndbo, Brynja A. Moe, Ragnar Halle, Odd Harald Talgø, Terje Talgø og Even Langli. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei fire hjortane som vart felt på storslåa i gammeldseterdalen vart ein stri tørn for jaktlaget, med feltslaktig og bæring fram til veg.  Dagens fangst vart imidlertid køyrt fram med elgtrak og slakta på Talgø Gard – den store kronhjorten var 150 kg med fottreet – eit flott slakt.

slakting_2733

Det bar rett på slaktarbenken med storhjorten. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi veit ikkje om det er jakta på hjort andre plassar i bygda denne helga, men etter kvart som jakta kjem i gang for alvor vil vi sette pris på at vi får gode jaktbilder som vi kan legge ut på Todalen.no. Det treng slett ikkje være trofebilder, men kan være bilder rundt bålet, utsiktbilder eller generelt fine bilder frå trivelege jaktturar.

 

Publisert: 6. september 2015, 19:04