Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudsteneste – Presenterte neste års konfirmantar for kyrkjelyden

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2015

Under søndagens gudsteneste vart konfirmantane for 2016 presentert.  Dei er 2 i talet, og startar no konfirmasjonsførebuinga i lag med konfirmantane i Stangvik, fortalte sokneprest Bernt Venås, da han ønska dei velkomne som konfirmantar under gudstenesta. Sjølv om dei berre er to, så var han sikker på at dei skulle få ei fin tid saman dei neste to semestra, fram til konfirmasjonen som blir søndag 8. mai i Todalen kyrkje.

Dei to konfirmantane som no startar førebuinga til neste års konfirmasjone er Marit Ingeborg Ansnes og Kevin Anders Brusethug. Sokneprest Bernt Vensås sa at dei kjem til å veksle mellom Stangvik kyrkje og Todalen kyrkje med konfirmantførebuinga gjennom førbuingstida.

TodalenKyrkje2015_2605

Neste gudsteneste i Todalen blir den søndag 11. oktober, i samband med feiringa av 50-årsjubileet for konfirmantane frå 1965. Dei er invitert til konfirmasjonsfest laurdag 10 oktober i tråd med den tradisjonelle 50-årsfeiringa.

Publisert: 6. september 2015, 12:36