Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alle kom velberga over fjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 6. september 2015

Dagens Trollheimsmarsj fikk ikkje den heilt stor oppslutninga – den usikre vêrsituasjonen får nok ta mesteparten av skulda for det, men konserten på Todalshytta med nærare hundre tilhørarar er nok ei god forklaring på kvifor det var nærast «møssfall» frå todalingane.

Dei 39 deltakarane fikk iallfall ein fin tuyr over fjellet, sjølv om det vart nokre regnbyger og litt tunge myrar på vegen.  vel framme på Leikvoll stadion på Ålvundeid vart dei mottekne av medarrangøren I.L. ulvungen og der var det premieutdeling til dei som var så heldige å bli trekte ut med gavepremie eller gåvekort. Nedafor har vi sett opp liste over dei deltakarane som vart trekte ut til premiering.   Les også om Trollheimsmarsjen på Driva.no

Uttrekte premiar

John Ivar   Holmefjord Kompass
Sissel Almberg Lanterne
Liv Elevset 1000 kr  gavekort
Asmund Gravem 500 kr  gavekort
Ingunn   Karijord Kompass
Teodor Hoem 500 kr  gavekort
Stig Roger   Wullum Grillpinne
Sivert Børset 500 kr gavekort
Anne Grete   Fostervoll Lie Lanterne

Vi har fått bildeglimt frå turen opp til Ørsalsetra frå Jon Bruset

Publisert: 6. september 2015, 20:01