Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste innspurt frå Senterpartiet…

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. september 2015

Det er på det næraste klart for finale i valkampen, og den siste tida har vore prega av valgkamp i media både på pair og på nett, i tillegg til at du har treft på listekandidatar som har stått på stand og marknadsført sitt parti. Vi trur mange har fått nyttig informasjon og ikkje minst har dei vorte kjent med mange nye ansikt i politikken – sjølv om det også har vore mange «gamle» kjente. I dag helsar ordførarkandidat til førstegongsveljarane og oppfordrar til å delta i valet.

Kjære førstegongsveljar

Til deg som er førstegongsveljar ved kommune- og fylkestingsvalet 2015. 14. september er det kommune- og fylkestingval, og du skal stemme for første gong. Det er kanskje vanskeleg å vite kven du skal stemme på? Eg vil prøve å fortelje deg kor mykje stemma di betyr og kor mykje du kan påverke Surnadalsamfunnet ved å delta i valet.
Kommunestyret i Surnadal har 27 plassar. I Surnadal kommune er det ca. 4600 som har lov til å stemme, men berre 2350 bruka stemmeretten sin ved sist val i Surnadal. Det er kanskje høge tal tenkjer du, men det var faktisk slik at berre 20 stemmer kunne endra samansettinga ved 2011-valet. Derfor er kvar einaste stemme viktig , di også.

Vi i Senterpartiet ønsker di stemme, og her skal eg gi deg nokre grunnar kvifor du bør stemme på oss:
• Kanskje kjenner du til nokon av dei yngste på lista? Desse er; Sondre Ormset, Lise Mari Bjerknesli, Roger Schei Bergheim, Marit Henriette M. Sandberg, Edvard B. Sæterbø og Lars Settemsdal
• Vi vil at skulen og barnehagen nær der du bur skal oppretthaldast, og vi vil bygge «nye Øye skule»
• Vi vil at ungdomsrådet skal delta i spørrekvarteret i kommunestyret
• Vi vil ha skulemåltid på alle skulane
• Vi vil prioritere gang- og sykkelvegar
• Vi vil satse på fleire lærlingeplassar

Du finn fleire punkt i programmet til Senterpartiet. Kanskje skal du ut av Surnadal og studera no i haust? Hugs at du kan førehandstemme på Kommunehuset på Skei. Gi gjerne dei unge kandidatane eit kryss på lista! Etter utdanning vil du kanskje busette deg i Surnadal og skape din eigen arbeidsplass? Vi i Surnadal Senterparti håpar du vil arbeide i lag med oss for å skape eit godt lokalsamfunn!

Godt val!

Margrethe Svinvik
Ordførarkandidat Surnadal Senterparti

Først publisert: 10. september 2015, 04:00 - Sist oppdatert: 11. september 2015, 08:44