Trollheimsmarsjen er i gang – dei første er forlengst på tur frå Bordholmen og er klare til å ta fatt på Ørsallia på tur til Ålvundeid. I morgontimane regna det godt, og det var litt tvil om det var forsvarleg å sleppe folk over fjellet, men i 9-tida var det verste regnet over, og etterkvart letta skodda. Yr.no melder lettare vêr etter kvart, og det blir nok etter kvart bra turvêr, trur arrangøren.
Tilsaman vart det 39 deltakarar som starta på turen over fjellet frå Todalen via Vardan til Ålvundeid i dag. God tur frå oss i Todalen.no!

Start frå bordholmen – frå venstre Rune Moe, Knut Bergli og Jorunn Nordvik frå Todalen I.L. i bakgrunnen Sverre Kjølstad som sørga for busstransport av deltakarane frå ferjeleiet på Kvanne – til Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal