Fra Todalen til Sunnmøre
Her kommer månedens blogg fra Dag Sverre Grønmyr..
Vi fann 9234 artiklar i dette arkivet.
Her kommer månedens blogg fra Dag Sverre Grønmyr..
Resultatet fra kommunevalet i Surnadal var klart alt før midnatt, og viser at det blir «regjeringsskifte». Valets vinnarar vart Senterpartiet, Høgre og Miljøpartiet DG som alle kapra eit nytt mandag, medan Arbeidarpartiet, Sosialististk venstreparti og Framstegspartiet tapte eit mandat kvar.
Redaksjonen har vært så heldig å fått epost av en gjeng som gikk over Skjerdingfjellet på Lørdag. En tur som bare blir mer og mer populær.
Tysdag kveld får Todalen Ungdomshus storbesøk. Stjerneduoen Sven Nyhus (fele) og Jon Faukstad (akkordeon) gjestar den tradisjonsrike folkemusikkbygda. Dei to er på Nordmøre og har institusjonskonsertar i samband med KKKK- Festivalen. Berre i Todalen held dei open konsert.
Elevar ved helse- og oppvekstlina ved Surnadal vidaregåande skule inviterte måndag til kaffelag for pensjonistane i bygda i Sanitetshuset. Dei seksten elevane hadde baka nydelege eplekaker, dekt bord og ordna med sjølvbaka bingopremiar. Arrangementet var i samarbeid med Todalen sanitetsforening, – Kari og Lovise stilte som kaffekokarar. Elevane går første året på helse- og oppvekstlina, […]
Da er den store valdagen komen, og ved skulen var det stor aktivitet alt frå stemmelokala opna klokka 12.00. I alt er det fem ulike val – da gjeld å halde tunga beint i munnen. PT-val: Utanfor porten er det tøffaste vallokalet – «Vømmelbua» til Lars Kvendset. Her er det val til nytt PT-utval for […]
Måndag 14. september blir nok dagen prega av at det er valdag. I Todalen krins kan du gjera heile 5 val denne dagen – kommuneval, fylkestingsval, soknerådsval, bispedømerådsval og val til PT-utvalet. Alle går føre seg på Todalen skule eller ved skuleområdet i tida 12.00 – 20.00.
Måndag 14.september er det val, ikkje berre til kommunestyre og fylkesting, men også til dei kyrkjelege organa sokneråd og bispedømmeråd. Her i Todalen vil Kyrkjevalet 2015 bli i Todalen skule i tidsrommet 12.00- 20.00. Når det gjeld val til nytt sokneråd for Todalen, er det berre ei liste. Denne lista er oppsett av ein nominasjonskomite […]
Det spøkte lenge for avlingane for kornbøndene, men men eit par veker med skikkeleg sommarvêr i august gjorde underverker for avlingane. Denne helga går skurtrøskene for fullt, og det blir nok lange kveldar før kornet er kome i siloane på Røv Mølle. Da vi køyrte frå Skei og oppover bygda var det eit titals skurtrøskarar i aksjon, og det støva godt i rundt dei. Men så snart duggen kjem, så bers det til Røv for å levere dagens fangst..
Surnadal Røde Kors har funne seg ei god inntektskjelde – tomflasker og -boksar. – Vi har sett opp små containarar på sentrale plassar rundt omkring i kommunen. Her kan folk gje oss panteposen sin, og vi tek sortering og innleveringa – og får panten, seier leiar i Surnadal Røde Kors Reidar Brøske. Dette er kjærkoma inntekt for oss, og vi reknar med at vi i år får panteinntekter på rundt 50.000 kroner.
Vil du støtte forskningsfondet for cystisk fibrose, så er det ei høveleg anledning til å møte opp på minikonsert i kulturhuset laurdag kl 18. Du betaler kr 100, som går uavkorta til forskningsfondet, og får ein times konsert med lokale musikarar. Det må være eit godt tilbod og fin avslutning på veka. Bla vidare og les plakaten!
Har du lyst til å delta på sauesanking saman med kvenndalen sauesankarlag, så har du ein ypperleg sjangse komande søndag. Her kan du delta etter som du har lyst til, og det blir nok eit yrande liv i Kvenndalen utover dagen. Bla vidare og les meir om opplegget for sauesankardagen…