Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Røv Mølle: I helga kjem mykje av kornhausten i hus..

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. september 2015

Det spøkte lenge for avlingane for kornbøndene, men men eit par veker med skikkeleg sommarvêr i august gjorde underverker for avlingane. Denne helga går skurtrøskene for fullt, og det blir nok lange kveldar før kornet er kome i siloane på Røv Mølle. Da vi køyrte frå Skei og oppover bygda var det eit titals skurtrøskarar i aksjon, og det støva godt i rundt dei. Men så snart duggen kjem, så bers det til Røv for å levere dagens fangst..

Røv Mølle tek i mot rundt 3.000 tonn i eit normalår, fortel dagleg leiar Lina Mogstad til Todalen.no.  I år må vi nok påregne litt midre, kanskje 2.500 tonn, men det såg lenge ut til å bli eit dårleg år. Men tross den dårlege sommaren var det eit par veker i august som gjorde susen for kornåkrane, og vi får rapportar om at avlingane er ujamne – det kan faktisk variere frå 200 til 600 kg pr mål – alt etter kor godt bøndene har treft på med ettergjødsling og soppsprøyting.

AnnElisabethHoltenSolem_2799

Ann Elisabeth Holten Solem leverte lasset sitt – 6036 kg med førsteklasses bygg frå Solem gard. Foto: Jon Olav Ørsal

Da vi stakk innom laurdag ettermiddag var det Ann Elisabeth Holten Solem som tippa lasset sitt i vekta – 6036 kg stoppa vekta på og kornet var av bra kvalitet. Ho fortalte at dei har rundt 280 mål med korn i år, og ho var ansvarleg for leveransane til Røv Mølle. Dersom vi har rekna rett blir det omtrent 20 lass, og da får ho nok med seg nokre omgangar med kaffe og bakels i ventegangen i løpet av denne helga. Transportørane blir nemleg stelt godt med på Røv Mølle når det blir litt ventetid.

Lina fortel at dei på Røv Mølle er glade for å ha lokale leverandørar av korn. – Da har vi full kontroll med kvaliteten og handteringa av kornet. Alt kornet blir nemleg bruka i kraftforproduksjonen og dette blir så absolutt kortreist mat.  Totalt leverer Røv Mølle rundt 20.000 tonn med kraftfor pr år, og dei har kundar frå fylkesgrensa mot Trøndelag og heile Nordmøre og Romsdal.  Sjølvsagt mest i Surnadal kommune, med Rindal og Fræna på andre og tredjeplass.

Røv_traktorkø_2804

Utover laurdagskvelden vart nok køen lengre enn dette. foto: Jon Olav Ørsal

Røv_4 i køen_2807

4 i køen på Røv Mølle: Frå venstre vidar Olsen som kom frå Ørlandet, Ola Mogstad frå Setergarden, Alf Gjersvoll frå Ålvundeid leverte korn frå Ålvundfjorden og Gunnar Ståle Røv som er næraste nabo til Røv Mølle. Foto: Jon Olav Ørsal

OlaRanes_2792

På heimturen fanga vi inn Ola Ranes som var i full gang med trøskinga på Ranes. Foto Jon Olav Ørsal

OlaRanes2_2794

Publisert: 12. september 2015, 19:00