Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tysdag: Storbesøk i Ungdomshuset

Bernt G. Bøe Tysdag 15. september 2015

Tysdag kveld får Todalen Ungdomshus storbesøk. Stjerneduoen Sven Nyhus (fele) og Jon Faukstad (akkordeon) gjestar den tradisjonsrike folkemusikkbygda.  Dei to er på Nordmøre og  har institusjonskonsertar i samband med KKKK- Festivalen. Berre i Todalen held dei open konsert.

Sven Nyhus (83) har eit stort namn i norsk folkemusikk og gammeldans. Ingen kan vel høre «Bergrosa» utan å bli berørt! Han kjem frå Røros, spelar fele, bratsj og hardingfele og har vore professor ved Norges Musikkhøgskole. Som orkestermusikarar har han vore solobratsjist i både Nationaltheatrets Orkester, Operaorkesteret, Kringkastingsorkesteret og Oslo-Filharmonien.2015 09 15 Plakat KONSERT Todalen

Folkemusikken har han dyrka m.a. i Glåmos Spelemannslag og Sven Nyhus’ Kvartett. Han har sjølv komponert rundt 75 slåttar og gjeve ut ei lang rekkje plater. Av utmerkingar har han m.a. tre gonger fått Spellemannsprisen og er Kommandør av St. Olavs Orden. Jon Faukstad (71) er frå Gudbrandsdalen. Han har utdanning  i musikk, historie og statsvitskap frå København og Oslo.

Som professor ved Norges Musikkhøgskole har han leia trekkspelfaget der. Ikkje minst innan folkemusikktradisjonen har han bokstaveleg spela ei stor rolle – i samarbeid med spelemenn som Hans W. Brimi, Per Sæmund Bjørkum og Sven Nyhus. Faukstad har også gjort akkordeon til konsertinstrument saman med symfoniorkester – med nyskrivne verk av sentrale komponistar. Det ligg an til mykje vakker musikk – og kanskje ein svingom – i Todalen Ungdomshus tysdag kveld.

 

 

Publisert: 15. september 2015, 06:00