Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9122 artiklar i dette arkivet.


Festkveld med tid for belønning…

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2016

Torsdag kveld arrangerte Surnadal idrettsråd sin festkveld i Surnadal kulturhus. Det vart ein fin festkveld med både undhaldning og fagleg innput, og det tid for belønning. Tilsaman 4 prisar vart det delt ut denn kvelden – alle til velfortente mottakarar. Den gjevaste priser var kanskje «Publikums hederspris», der Olav Rønning var mottakar. Dei 5000 priskronene donerte han vidare til fondet for ny tråkkemaskin.


Står på vidare for eldre

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2016

Surnadal Demensforening og helselag driv saman med Pårørande foreninga til Surnadal Sjukeheim eit omfattande arbeid for eldre og sjuke for å gjera kvardagen litt betre. Vi har saksa litt frå årsmeldinga , som gir ein god indikasjon på kva dei bidreg med. Vi har mange gode bidragsytarar, både bedrifter og privatpersonar, som alle bidreg på sin måte, seier leiar Liv Botten


Ivrige brannmenn – tek ansvaret på alvor.

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. april 2016

Ein kveld kvar månad driv brannlaget i Todalen med praktisk øving eller anna opplæring. Dei er ein viktig «institusjon» i bygda for at vi andre skal føle oss tryggare. Men det er ikkje berre «den røde hane» dei passar på. Brannlaget har også ansvaret for hjartestartaren som er stasjonert på brannstasjone og rykkjer ut når hjartealarmen går. Og ikkje nok med det – dei har må også tre støttande til dersom det oppstår alvorlige voldsepisodar. Dette tek dei på alvor og legg ned ein stor innsats for å dyktiggjere seg.


Inspeksjon i Svinvikstunellen

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2016

Tysdag kveld er Svinvikstunellen stengt i periodar. Det er Veidekke som driv med inspeksjon av tunellen, og sjekkar om det er laust fjell i tunellhvelvet eller andre avvik. Dette er ein rutinemessig inspeksjon som blir gjort med jamne mellomrom, fortalte Kjell Svensli frå Veidekke, som rekna med å opne for ordinær trafikk igjen i 22-tida.


Torsdag: Idrettens festkveld i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. april 2016

Torsdag kveld, er det klart for Idrettens festkveld i Surnadal kulturhus. Det er Surnadal Idrettsråd som er arrangør i samarbeid med surnadal kommune og på programmet står mellom anna utdeling av 4 prisar: «Årets prestasjon» – «Årets ildsjel», «Årets hederspris» og «Ungdomsprisen», der «Ungdomsprisen er ny og blir utdelt til ungdom mellom 13-20 år som har tenkt å satse vidare. Men dei har også mykje anna å by på..


Hjorten er furkunn på nygrøå

Jon Olav Ørsal Måndag 4. april 2016

Etter kvart som det har vorte barmark rundt bygda blir det stadig fleire hjortar som trekkjer ned på innmarka for å beite. Ein runde rundt bygda måndag kveld ga ikkje nokon storfangst, med på Ørsalhøgda var det ei gruppe som nok tykte at nygrøå vart fristande. Denne veka startar også vårteljinga av hjort i regi av viltnemnda.


Ny vinterforsyning til skihytta

Jon Olav Ørsal Sundag 3. april 2016

Todalen idrettslag nyttar siste snøføret til å transportere nye vinterforsyning med ved til Skihytta på Ørsalfjellet. Det er nok enno godt skiføre når du kjem til fjells, men i Øyalia går det mot slutten for skuterføret. Laurdag vart det transportert ved opp til snuplassen ved Øyagammelsetra, og klargjort for transport vidare med TILs snøskuter.


Sløkkjer FM’n ved midnatt

Jon Olav Ørsal Fredag 1. april 2016

Ved midnatt blir FM-sendaren på Hjellnes slått av for godt! Det er over eit år tidlegare enn planlagt, og grunnen er at det er feil på sendaren. Det er Norkring som driv sendaren, og dei opplyser at det blir for kostbart å renovere sendaren berre for eit år. No blir det nok prostestar….



Folkemøtet samla mange interesserte

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mars 2016

Det var stor interesse for folkemøtet om kommunereforma i skulen ondag kveld. På dagsorden stord orientering om intensjonsavtalen som Surnadal kommune har inngått med Halsa kommune og Rindal kommune om å gå saman til ein storkommune frå 1. januar 2020. Det er eit år sia sist det var folkemøte for å orientere om kommunereforma, og i mellomtida har det vore mange møter, sonderingar og forhandlingar mellom kommunane på Nordmøre som til sist endte opp med berre eit reelt alternativ, eller som plan B å fortsette som eigen kommune.


No livnar det i lundar …..

Dordi Jorunn Halle Onsdag 30. mars 2016

Sol, landvind og mange varmegrader om natta dei siste påskedagane fekk fart på snøsmeltinga, no er det nesten bart nede i bygda. Ein ser stor forskjell frå dag til dag.


Torsdag: Historielaget med årsmøte den 31. mars

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mars 2016

Årsmøta går «slag i slag» i dei ymse lag og foreningar. Denne gongen er det Todalen historielag som melder om årsmøte som er dagsett til torsdag 31. mars. Det skjer i todalen ungdomshus kl 19.30, og her kan du lese meir om det som skjer på årsmøtet.