Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Folkemøte om Todalsfjordprosjektet

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juni 2016

Onsdag kveld var det folkemøte om Todalsfjordprosjektet i forsamlingshuset på Nordvik. Med rund 30 tilhøyrarar orienterte ordførar Lilly Gunn Nyheim om den politiske ståstaden for prosjektet og Bergsvein Brøske om Planprogrammet som no er ute på høring, med høringsfrist til 20. juni. Eit liknande møte blir arrangert i Fossheim i Ålvundfjorden torsdag kveld.

BergsveinB&LillyGunn_0564

dagleg leiar for Todalsfjordprosjektet AS og ordførar i Surnadal Lilly Gunn Nyheim. Foto: Jon Olav Ørsal

Tilstades på møtet var også arbeidsgruppa for prosjektet – einingsleiar Håvard Stensønes frå Surnadal kommune, plansjef Gunnar Olav Furu frå Sunndal kommune og Olav Arne Vatne som representerte M&R fylkeskommune. Planprogrammet vart presentert, og beskriv planområda og dei forskjellige alternativa til fjordkryssing. Det er viktig at det blir respondert på planprogrammet, slik at ein får med aktuelle innspel som blir med inn i sjølve planprosessen og dei utreningane som må til i denne prosessen.

Ragnar&Furu_0572

Ragnar Halle hadde sterke meiningar om brufeste på Svinvik-sida. Her er han flankert av Gunnar Olav Furu og Olav Arne Vatne i arbeidsgruppa for Todalsfjordprosjektet. Foto. Jon Olav Ørsal

Det kom fleire innspel under møtet, men det er også høve til å kome med innspel fram til høringsfristen som altså er 20. juni. På surnadalssida er det Håvard Stensønes i Surnadal kommune som er kontaktperson. Det var spesielt Svinvika og Svinviks arboret som var i fokus under møtet og som vekte mest bekymring med tanke på eit brufeste på Svinnesset. Spesielt Ragnar Halle var talsmann for slik bekymring, da han mente at Svinvika er det einaste komplette gardstunet med alle gamle bygningar intakte. – Han antyde at han ville starte aksjon dersom så skulle skje. Han tala varmt om Trollheimstunnelen, sjølv om kommunestyra både Surnadal og Sunndal kommune har gjort vedtak om fjordkryssing i området ved Svinvika, som er definert frå Bleikhammaren til Markussteinen.

Den største utfordinga med prosjektet blir nok likevel finansieringa, der det blir aktuellt for begge dei involverte kommunane og for næringslivet å bli med på finansieringa i størrelsesorden 500 mill.

 

Publisert: 9. juni 2016, 14:29