Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Raus 2016: Hektisk innspurt – går på scena i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juni 2016

Onsdag var ein travel dag for låtskrivarseminaret, fortalte Amund Maarud, som er kappelmester under Raus-konsenten på Gammelfabrikken i kveld. Han fortel at opplegget for konserten liknar på fjorårets, men bli meir kampakt, – og byr samtidig på større bredde sidan vi i år har folk som kjem frå fleire miljøer.

Han fortel vidare at deltakarane på låtskrivarseminaret har hatt matnyttige dagar på Todalshytta og Gammelfabrikken under opphaldet i Todalen. – Onsdag kveld var vi heime hos Knut og Laila Bergli på privat pizzakveld – vi føler at todalingane er rause med oss, og håper at vi kan gi noko tilbake under kveldens konsert på Gammelfabrikken.

Amund Maarud er kappelmester under Rauskonserten på Gammelfabrikken torsdag kveld. Her saman med Asle Beck under fjorårets Rauskonsert. Foto: Jon Olav Ørsal

– Vi som er artistar og låtskrivarar er vante til å jobbe mykje for oss sjølve, og har veldig stor nytte av å jobbe saman i eit større miljø innimellom, og det blir litt annerledes å møtes her på Todalshytta enn å treffes på Grûnerløkka eller på ein flyplass.  Og her er det godt å være, og heile gjengen har vorte glade i Todalen og folket her.  Vidare seier Maarud at han er glad for at Jace Everett kom med på seminaret. Han kjem frå musikkmiljøet i Nashville og han er raus til å dele sine kunnskaper og egenskaper med oss andre. Vi får nok høre Jace på scena i kveld og tek vi ikkje mykje feil så har han nok både «Bad things» og Your man» på sitt repertoar. Maarud fortel at dei jobbar med både engelske og norske tekster. – tendensen i marknaden er at folk ønskjer meir norske tekster, og det innrettar vi oss sjølvsagt etter.

Forøvrig fortel Maarud at vi vil få høre alle artistane frå scena i kveld, både enkeltvis, fleire i mix  og alle samla. Så her er det berre å gle seg – og det lønner seg nok å ordne seg med billett. Det er begrensa kor mange det er plass til på Gammelfabrikken, men det er enno nokre biletter att både på Kultuhuset og på Matkroken. Billetter som eventuelt er igjen blir  solgt ved inngangen.  På Gammelfabrikken opnar dørene kl 18, og konserten startar presis kl 19, fortel Eric Malling, som er vertskap på Todalshytta og arrangør. Malling fortel vidare at det på oppfordring frå i fjor blir sal av T-skjorter med Raus-dekor, og elles sal av forfriskningar av ymse slag.

Publisert: 9. juni 2016, 09:41