Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Raus 2016 – Ørens fryd på Gammelfabrikken….

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juni 2016

Peisestua på gammelfabrikken var fylt til siste plass da Raus 2016-konserten starta omtrent presis kl 19 torsdag kveld. Låtskrivarseminaret som har vært arrangert på Todalshytta denne veka runda av med konsert.  Raus 2016 kalla dei konserten som er oppfølgjaren av tilsvarande konsert i fjor – i år hadde dei med seg  Jace Everett som kjem frå Nashville. Han var slett ingen sinke!

Men jammen var det nivå over resten av gjengen også, og på Raus-konserten opptredde dei både enkeltvis og fleire saman, og presenterte både nyskriven tekst og musikk – og kjente produksjonar dei har laga tidlegare. – Og publikum var med frå første stund, og fikk nok ei fenomenal oppleving, der 7 profesjonelle artistar nærast trollbann 200 publikumarar i nesten 2 timar. Favoritten blant de 16 innslaga må nok bli Jace Everett med ”bad things”.

Amund Maarud, Johanna demker og Terje Nordgarden på scena på Gammelfabrikken. Foto: Jon Olav Ørsal

Innleiingsvis fortalte Eric Malling som er vert på Todalshytta om konferansen og Raus-prosjektet, som går ut på å dele så mykje som muleg men det er eit vesentlig poeng at låtskrivinga er i fokus. Men gjengen har kosa seg i lag i Todalen denne veka, og resultatet var fleire nye låtar som hadde ”urpremiere” på Gammelfabrikken denne kvelden. Dei 7 deltakarane er Amund Maarud, Alf Bretteville Jensen, Terje Nordgarden og Johanna Demker, som også var med i fjor. ”Nykommarane” er Jace Everett frå Nashville i USA, Ingvild Hammer og Else Søllesvik, og dei skjemmer heller ikkje laget.

DSC_0717

Gammelfabrikken var fylt til siste plass under konserten. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter eit felles avslutningsnummer – ”I Shall Be Released” kvitterte publikum med ståande applaus, og Eric malling sa i sin takketale at vi nok får ei fortsetting i neste år med Raus 2017.

Bildegalleri frå Raus 2016 – konserten på gammelfabrikken.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 9. juni 2016, 23:13 - Sist oppdatert: 10. juni 2016, 00:11