Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lærte førstehjelp i barnehagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. juni 2016

I barnahagen har det vore ein spennande dag i dag! I dag fekk dei nemleg besøk frå Surnadal Røde Kors, da Janne og Lene kom for å lære barnehageborna førstehjelp. Dei hadde med seg dukka Henry, som var ei gåve til barnehagen.

Stabilt sidelei barnehagen

Borna lærer å legge personar i stabilt sideleie. Foto: Jorunn Nordvik

Janne og Lene reiser nemleg rundt til barnehagane for å halde førstehjelpskurs for borna.  Henry har vore ute for ein del uhell, blandt anna velta på sykkel, kutta seg med kniv og ramla ned frå tre.  Janne fortalte kva som var viktig å gjere når uhellet var ute, og borna tykte det var spennande, og fulgte godt med når janne demonstrerte for dei. Til slutt fekk barna lære seg å legge ein person i stabilt sideleie, og det fekk både barna og vaksne prøve seg på. Det er kjekt å kunne om nokon skadar seg eller blir sjuke.

Barnehagen Henry

Janne Husby frå Surnadal Røde Kors held førstehjelpskurs for borna i barnehagen. Foto: Jorunn Nordvik

 

 

Publisert: 7. juni 2016, 21:48