Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9156 artiklar i dette arkivet.


Gudsteneste – presentasjon av konfirmantane

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. september 2017

Soknerådet minner om at det er gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 17.9.2017 kl 11:00, der neste års konfirmantar vil bli presentert for kyrkjelyden.  Offer til Kyrkjebladet.  Det er prost Leif Endre Grutle som forrettar.


Stavgang til Søyådalen og Mellingsetra

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. september 2017

Torsdag var det ny stavgangtur for Stavganggruppa. Turmålet denne gongen var Søyådalen og innover til Mellingsetra. Det var bilskyss eit godt stykke innover, og siste biten vart gjort unna til fots. Til sammen var det rundt 60 deltakarar, og det er nok mesta rekord. Det store deltakartalet kjem nok delvis av at omsorgsklassen på Surnadal Vidaregåande skule deltok på turen. Dei gjorde også denne gongen stor lykke med traktering av sjokoladekake til kaffen. 


Stor songglede i Ungdomshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 14. september 2017

Onsdag kveld inviterte det nystarta koret «Prosjekt 17» til Haustsongfest i Todalen ungdomshus, og det vart ein festkveld med stor songglede både av koret og folk i salen!


I kveld: Allsongkveld i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. september 2017

Allsongkveld i Todalen

Onsdag kveld inviterer koret Prosjekt 17 til «Haustsongfest» i Todalen Ungdomshus. Allsong, korsong, kaffe og utlodning står på programmet.

Med dette vil koret vidareføre ein songtradisjon der alle kan delta etter lyst og ønske. Atmosfæren er lett og avslappa – med kaffekos som viktig programpost. Allsongarket kombinerer nytt og velkjent stoff frå song- og visebøker.

«Prosjekt 17» (P17) er fortsettelsen av tidlegare Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og Bøfjorden Mannskor. Mellom allsongane byr P17 på utdrag frå slager-CD’en «Melodiminne», «Seterkabaret frå Todalen» og Bøfjord-kabareten «Med segl og Wichmann».



Kunstprosjekt i Svinvika

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. september 2017

Norske kunsthåndverkere i Midt-Norge er i gang med eit kunstprosjekt som heiter DELING. Målet her er kunnskapoverføring – deling av kunnskap basert på materialar og lokale ressursar. Handverk og arbeidsmetodar er sentralt i prosjektet.


Godt oppmøte på Kløverrusletur i Småbåthamna

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. september 2017

Kløverrusleturen måndag 11. september gjekk frå Matkroken og utover til Småbåthamna. Oppmøtet var godt, det er tydeleg at mange synest det er triveleg å ha turfølgje.


No er Stortingsvalet 2017 i gang

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. september 2017

Da er Stortingsvalet 2017 i gang, og i Todalen er røystelokalet i biblioteket i skulen. Vallokalet er ope til kl. 20.00 i kveld.


Gje di stemme, og vær med og bestem…..

Jon Olav Ørsal Måndag 11. september 2017

Søndag og måndag er det stortingsval i Noreg. Da er det viktig at du brukar stemmeretten din, for akkurat di stemme kan være avgjerande for resultatet av valet. Vi skal ikkje legge oss borti kva parti du skal stemme på, vi berre oppfordrar deg til å møte og gi di stemme. I Todalen er vallokalet ope frå kl 12:00 til 20:00


76 gikk over fjellet frå Ålvundeid til Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2017

L. feira 100-årsjubileum i 2008 og har heile tida vore eit samarbeidsprosjekt mellom dei to idrettslaga.  Dagen starta med sol frå skyfri himmel, og sjølv om det etter kvar skya til, så vart dette ein drømmedag i fjellet.


Rypejakta er i gang…

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2017

I dag startar rypejakta – frå i dag og fram til 23. desember er rypene fritt vilt, og det er nok mange som har drege til fjells for å få med seg dei første dagane av jakta. På skihytta er årets haustblot innleia, og den vanlege gjengen har installert ser der. 


Trollheimsmarsjen er i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2017

I morgontimane i dag har starten gått for Trollheimsmarsjen 2017.  Nytt i år er at starten går frå Leikvoll stadion på Ålvundeid og over til målgang på Bordholmen stadion i Todalen. 3 bussar har gått frå Todalen og til Ålvundeid med folk som skal delta. – Finare forhold enn det er i dag får du neppe.